Klang

microphone-3779407_1280

Eg ynskjer eigentleg å vere aleine no
Aleine i mitt eige tempel
Det blei ikkje kyrkjegong på meg
Her kan eg syngje den songen eg sjølv vil

Det spring ut frå mitt eige indre
Ulike klangar blandar seg saman
No er det særleg ein klang av sakn og sorg
Ei smerteleg vise ynskjer å bli bore fram

Eg har ei redsle
Redsla er gamal
Nett like gamal som meg,
er redsla for denne songen

Kva om eg torde å blande inn denne klangen
La denne smertelege visa syngjast ut
Kva ville bli att,
av meg

Der ute med dei andre
Må eg så kunne finne ein plass
Og vere open og ærleg
Utan å krevje eller kravstyrd

Men no ynskjer eg i alle fall å vere aleine
Ein smerteleg solo
Det veltar i meg
No er eg klar

Note: This poem was written in Norwegian nynorsk

Leave a comment