Charis

Foto (Robert)

Kvar dag stig sola opp att,
før ho forsiktig senkar seg sjølv ned att
Ganske utruleg, ja heilt utruleg
Kvar morgon og dag er ny,
før dei avsluttar seg sjølve med kveld og natt
Ganske utruleg, ja heilt utruleg
Kvar einaste ein av oss er fødde som nye skapningar,
før vi gjeng gjennom livet i fellesskap og aleine
Ganske utruleg, ja heilt utruleg
Kva kan ein kalla dette utrulege som skjer

Jo, det kan kallast charis, ifølgje grekarane
Nåde, seier eg
Vi har ikkje krav på nokon ting, du og eg
At du og eg blei til, har vi ikkje noko med
Tenkje på det, kan ein kvar gjerne gjera
Jau, alt er ei forunderleg gåve
Det trur eg vi kan vere saman om, du og eg,
før me seier, god natt